Pulsvantar til mor - ferdige.

29.jan-2006.

Eg strikka 10 par pulsvantar i julegaver til fleire i familien.



23.okt-05


No er eg ferdig med pulsvantar nr 2.

So får det bli litt meir ullestar framover :o)



Pulsvantar til mor - ferdige.


Oppskrift - strikkebukse.

23.okt-05

No har eg endelig fått lagt inn mønsteret som eg har laga.

BUKSE I RIBBESTRIKK *2 rett og 2 vrang*

(1år) 1, 5år (2 år)

Garn: Babyull fra ASA Gjestal spinneri og Babygarn, Europris.
Strikkefasthet på begge: 28 m = 10 cm på p nr 2,5.

Eg har brukt strømpepinner og rundpinne, 40 cm nr 2,5.

FOT:
Legg opp (52) 56 (60) m. Strikk så 3 cm. Start så å øke.
*Øke 1 m etter 1.m i omg. og 1 m før siste m i omg.*
Øk kvar 6. omg til beinet måler (25) 27 (29) cm og du har (84) 88 (92) m.

For at det skal bli enklare å strikke arbeidet sammen på rundpinne, deles arbeidet nå.
Strikk att og fram ca 3 cm.
Den siste omg felles dei første 4 m og dei siste 4 m i omg.
Du skal no ha igjen (76) 80 (84) m på pinnane.

Legg arbeidet til side, og strikk det andre beinet likt.



Ta begge beina inn på en rundpinne (40 cm - nr 2,5)
Strikk 2 omg, så skal du starte å felle/øke foran og bak på buksa.
Felling foran: strikk sammen 2 m før de 4 midterste og strikk sammen 2 m etter de 4 midterste.
Økning bak: Øk 1 m før de 4 midterste og øk 1 m etter de 4 midterste.
Fell/øk annakvar omgang, tilsammen 4 ganger (8 masker)

Strikk så vidare ca 5 cm.
Da skal du strikke att og fram den bakerste halvdel av buksa (76) 80 (84) m, 8 omg.
Kvar gong du snur, snur du 4 m før.
Dette skal du gjere for å få buksa høgare opp på baken.

Strikk så vidare til arbeidet måler (17) 19 ( 21) cm frå skrittet.
Så skal du strikke hullkant for strikk:
*strikk sammen 2 m, og lag ett kast*
Den påfølgande omg skal kvart kast strikkast som en m.

Strikk 1 cm til før du feller av.

Sy sammen arbeidet i beina, der du delte arbeidet.
Sy sammen i skrittet.


Dei utheva/understreka tala er dei eg har brukt på str 1,5 år.

Eg har prøvd å gjere om til str 1 år og str 2 år.
Rett meg gjerne om det er riv ruskande gale :o)

Om nokon vil gjere den endå større (eller mindre), trur eg det er ei enkel sak.

Lykke til alle som vil prøve å strikke buksa mi.
Og gi gjerne tilbakemelding.
Og spør om det er noke, kanskje har eg glømt å skrive ned noke :o).





Kvit strikkebukse.

22.okt-05

Er ferdig med ny strikkebukse.
Manglar berre strikk i livet.
Det er godt med ullbukse på kalde dagar.





Kvit strikkebukse.






Tjukkelestar.

28.jan-2006.

Ei lita tileggsopplysning her:
No har eg strikka tilsammen 8 par :o)
Og endå blir det nok fleire.


21.okt-05.


No har eg også begynt på tjukkelestane til vinteren.
Brukar oppatt bråta på lestane.
Det er sjeldan dei er utslitt, so då berre klipper eg av og tar opp maskane.

Og mykje arbeid er også spart Very Happy

Er ferdig med par nr 1, og har begynt på nr 2.


Skal strikke ca 10-12 par til oss 4 her i huset.

Tjukkelestar.





Sammenstrikkinga.

21.okt-05.

Sammenstrikkinga vart kjempefin, synes eg (",)


Sammenstrikkinga.


Pulsvanter med perler.


21.okt-05

No er eg ferdig med pulsvantar til lissjeprinsessa mi.
Kjempefine vart dei.
Har ikkje strikkapulsvantar tidligare, men det var kjempekjekt.
Blir nok mange etterkvart.




Pulsvanter med perler.


12.okt.-05

12. okt. - 05

Lenge sida eg har vore inn på her no.
Holder på med ei kvit strikkebukse no, lik den svarte.
Den er nesten ferdig.

Skal snart få lagt inn mønsteret her  :-).

Ellers begynner tankane å svirre rundt ting og tang eg skal/ønsker å lage til jul.
Må lage noke nytt kvart år...... Sjøl om eg sikkert har nok.... ;o)

Nye gardiner på kjøkkenet SKAL eg iallefall sy....

Vart forresten litt sjokkert i dag, når julepyntet var satt ut i butikkhyllene....
Er ikkje det litt tidlig, eller???

Eller kanskje det er berre eg som synest det,
sida vi har hatt ett par daga med sommarvarme her :-).