ferdig med ribbestrikka bukse

17. sept. - 05.

No er eg ferdig med buksa. 
Vi skal sjå på fotballkamp, og veret er surt.
Så ho brukar buksa i dag. Varm og god.

Skal få lagt inn mønsteret på buksa.
Men sida eg har laga det sjøl, må eg finskrive det litt først.

ribbestrikka bukse


14. sept. - 05.

No e 2 fota ferdige, og satt inn på en rundpinne.
Har så fått auka litt bak og felt litt framme, so då e det berre å strikke i vei.......


12. sept. - 05

No har eg starta på ei ribbestrikka bukse til veslejenta mi.
Den skal strikkast 2 rett, 2 vrang heile buksa.
Blir godt å ha på seg under kjole og skjørt til vinteren.


Ferdig med gensar.

11. sept. - 05.

No er eg ferdig med denne gensaren og :o)

ferdig gensar


Om noken lure, så e det masse trådar å feste i en stripete gensar ;o)

med trådar 1


9. sept. - 05.

Så nærmar eg meg halsen på gensaren.
Har ikkje heilt bestemt meg for kordan eg skal strikke den.
Skal ikkje ha høg hals. Skal heller strikke separat hals.

8. sept. - 05.

No har eg strikka ferdig begge armane,
og begynt med raglanfellinga.

Sånt ruskever som vi har hatt i dag, då er det godt med ett strikk.

7. sept. - 05.


Et trist ver ute, då er det godt å ha noke å gjere inne :-).

Gensaren skal raglan-fellast.
So no er eg ferdig med bolen opp under armane.
Har kome godt i gang med første arma.

6.sept. - 05

genser start


Ein fargerik fin gensar blir det.



Vognteppe og krabbeteppe.

7. sept. - 05.

Vognteppet og krabbeteppet sydde eg til veslejenta mi våren 2004.
På begge teppa har eg applikert på figurane og quilta dei etterpå.

Dei er godt brukte og kosa på begge to.

Vognteppet skal no lagast om til veggteppe,
 og hengast opp på rommet til veslejenta.



vognteppe



kose/krabbeteppe

To strikketepper til veslejenta

7. sept. - 05.

Strikketeppet til venstre måler 90 x 90 cm.
Det strikka eg til veslejenta når ho var nyfødd.
Det er satt sammen av 81 strikke-ruter.

Et godt brukt teppe :-).

Det til høgre er 105 x 170 cm.
Det er strikka i 7 remser - kvar er 15 cm brei og 170 cm lang,
som er sydd sammen.

Gode tepper til vinteren.



strikketepper

Juledekorasjoner.

7. sept. - 05.


Desse tre dekorasjonene lagde eg også til jula - 04.

Blir kjekt å ta fram igjen år etter år.......


juledekorasjon 2



juledekorasjon 1



juledekorasjon 3

Krans på ytterdør.

7. sept. - 05.

Laga dørkrans på ein halmring jula - 04, ca 40 cm i diameter.

Brukte einer for å dekke halmkransen,
og det STAKK så grusomt, at i år skal eg bruke gran eller furu,

Ellers var pynten enkel og fin.





Krans på ytterdør

Dekorasjon laga på trerot


7. sept. - 05.


Denne dokorasjonen har eg laga på ei trerot.
Den vart laga til jula - 04.

Den er pakka inn så den ikkje skal støve ned,
gleder meg til å ta den fram igjen i år også.

juledekorasjon på rot



Nisser - laga til jul - 03.

7. sept. - 05

Disse to nissene laga eg ferdig til jula - 03.




Nissar

Sengeteppe i 'log cabin'

7. sept. - 05.

Dette sengeteppet i 'log cabin', er laga av over 1000 bitar.

Det består av innkjøpte stoff, men også av skjørt og linande eg hadde når eg var lita :o).

Eg brukte nokre år frå eg begynte til eg var heilt ferdig.
Eg brukte mest tid på å la det ligge.....

Eg hadde ikkje sydd noke i lappeteknikk før eg starta med dette teppet,
så det er nok ikkje gjort heilt 'etter boka', men ka gjer no vel det.......



sengeteppe i 'log cabin'


Har sydd mykje etter at eg vart ferdig med dette.
Likar godt å drive med lappeteknikk.


Pyntehandklebord i hardangersøm.

7.sept. - 05.

Denne borda til pyntehandkle laga eg ferdig til jul - 04.

Bortsett frå nokre prøvelappar, er dette det første eg laga i hardangersøm.
Har også laga et par bokmerke, men har ikkje bilde av dei.

Grudde meg litt for utklippina, men det gikk fint med ei lita broderisaks.



Pyntehandklebord i hardangersøm

Tjukkelabbar


6.sept. - 05


Tjukkelabbar til lissjetulla



Har også strikket et par med tjukkelabbar.
Det er deilig å ha på seg i støvlane.




Oppskrift på små labbar:


Legg opp 36 maskar.
Strikk på pinne nr 3, ribbestrikk - 2r og 2vr til bråtet måler ca 10 cm.

Ta halvparten av maskane (18 stk) til hæl og strikk att og fram 10 omg.

Fell til hæl: strikk 11 masker, så 2 sammen - snu.
*Strikk så 5 masker, 2 sammen - snu.*
Fortsett fra * til * til du sitter igjen med 6 masker på pinnen.

Ta så opp 6 masker på kvar side av dei 6 maskane du har på pinnen 
(du skal ha like mange som før felling - altså 18 maskar).
Fortsett å strikke til arbeidet måler ca 8 cm fra hælen.
Opp på vristen strikker du 2 r og 2 vr, 'under  foten' strikker du rett.

Fell til tå: (vanskelig å forklare, skal prøve ;-))
Strikk *1 m, 2 sammen strikk '12 masker', så 2 sammen og 1 maske*
Fortsett fra * til * (for kvar ny omg 2 mindre masker mellom fellingene - '12 masker')
til du sitter igjen med 8 masker.
Klipp tråden og dra den gjennom maskene - Ferdig :-)

Eg strikkar litt fast, så disse labbane passar perfekt på en liten fot som brukar str 20 i sko.
Antall maskar er lett å endre til større størrelse.



Gensar i melert garn.

6.sept. - 05

Denne gensaren fikk lissjetulla mi for nokre dagar sia.
Sjøl så tidlig på høsten er det godt med ein varm gensar.

Er sjelden så tidlig ute med å starte på 'innearbeid' om høsten,
men i år har sommaren vore mest våt og kald.....



Gensar nr 1 til lissjetulla



Dette var første innlegg, så flink atte det ;-)