Strikka sko.

15.febr.-06.

Desse strikkeskoa til mirakelbaby høyrer saman med undertøy og skjørt/topp.



Strikka sko.


Isskrapevott.

15.febr.-06.

Eg strikka isskrapevott til 4 stk i julegåve.
Strikka av Artic-garn og tova i vaskemaskin på 60 grader, med vanlig vaskepulver.



Isskrapevott.


Skjørt og topp.

15.febr.-06.

Topp og skjørt til mirakelbaby.
Dette settet har eg strikka til samme jente som fikk undertøy.



Skjørt og topp.




Strikkesett til babyborn.

15.febr.-06.

Dette strikkesettet strikka eg til ei jente eg er tante til, julegåve.
Babyborn størrelse.



Strikkesett til babyborn.


blomsterblokk

2.jan-2006.

Ei blomsterblokk brukt som bakgrunn ein annan plass.




blomsterblokk


Oppskrift - strikkebukse.

23.okt-05

No har eg endelig fått lagt inn mønsteret som eg har laga.

BUKSE I RIBBESTRIKK *2 rett og 2 vrang*

(1år) 1, 5år (2 år)

Garn: Babyull fra ASA Gjestal spinneri og Babygarn, Europris.
Strikkefasthet på begge: 28 m = 10 cm på p nr 2,5.

Eg har brukt strømpepinner og rundpinne, 40 cm nr 2,5.

FOT:
Legg opp (52) 56 (60) m. Strikk så 3 cm. Start så å øke.
*Øke 1 m etter 1.m i omg. og 1 m før siste m i omg.*
Øk kvar 6. omg til beinet måler (25) 27 (29) cm og du har (84) 88 (92) m.

For at det skal bli enklare å strikke arbeidet sammen på rundpinne, deles arbeidet nå.
Strikk att og fram ca 3 cm.
Den siste omg felles dei første 4 m og dei siste 4 m i omg.
Du skal no ha igjen (76) 80 (84) m på pinnane.

Legg arbeidet til side, og strikk det andre beinet likt.



Ta begge beina inn på en rundpinne (40 cm - nr 2,5)
Strikk 2 omg, så skal du starte å felle/øke foran og bak på buksa.
Felling foran: strikk sammen 2 m før de 4 midterste og strikk sammen 2 m etter de 4 midterste.
Økning bak: Øk 1 m før de 4 midterste og øk 1 m etter de 4 midterste.
Fell/øk annakvar omgang, tilsammen 4 ganger (8 masker)

Strikk så vidare ca 5 cm.
Da skal du strikke att og fram den bakerste halvdel av buksa (76) 80 (84) m, 8 omg.
Kvar gong du snur, snur du 4 m før.
Dette skal du gjere for å få buksa høgare opp på baken.

Strikk så vidare til arbeidet måler (17) 19 ( 21) cm frå skrittet.
Så skal du strikke hullkant for strikk:
*strikk sammen 2 m, og lag ett kast*
Den påfølgande omg skal kvart kast strikkast som en m.

Strikk 1 cm til før du feller av.

Sy sammen arbeidet i beina, der du delte arbeidet.
Sy sammen i skrittet.


Dei utheva/understreka tala er dei eg har brukt på str 1,5 år.

Eg har prøvd å gjere om til str 1 år og str 2 år.
Rett meg gjerne om det er riv ruskande gale :o)

Om nokon vil gjere den endå større (eller mindre), trur eg det er ei enkel sak.

Lykke til alle som vil prøve å strikke buksa mi.
Og gi gjerne tilbakemelding.
Og spør om det er noke, kanskje har eg glømt å skrive ned noke :o).





12.okt.-05

12. okt. - 05

Lenge sida eg har vore inn på her no.
Holder på med ei kvit strikkebukse no, lik den svarte.
Den er nesten ferdig.

Skal snart få lagt inn mønsteret her  :-).

Ellers begynner tankane å svirre rundt ting og tang eg skal/ønsker å lage til jul.
Må lage noke nytt kvart år...... Sjøl om eg sikkert har nok.... ;o)

Nye gardiner på kjøkkenet SKAL eg iallefall sy....

Vart forresten litt sjokkert i dag, når julepyntet var satt ut i butikkhyllene....
Er ikkje det litt tidlig, eller???

Eller kanskje det er berre eg som synest det,
sida vi har hatt ett par daga med sommarvarme her :-).