Undertøy.

15.febr.-06.

Undertøy til mirakelbaby.
Bursdagsgåve til ei jente eg er tante til.




Undertøy.


Gensar til lissjepiå mi.

15.febr.-06.


Gensar til lissjepiå mi.


Bomullshue.

15.febr.-06.

Eg har strikka hue til lissjepiå mi.
Har ikkje brukt mønster.



Bomullshue.


Strikka, tova veske.

15.febr-06.

Eg har strikka denne veska av Artic-garn.
Tova i vaskemaskin på 60 grader med vanlig vaskepulver.
Pynta med gamle knappar.




Strikka, tova veske.


Ei eggevarmar skål vart til ein flott hatt. Des-2005

28.jan-2006.

Eg strikka og tova denne saken her som ei skål til å holde egg varme i.
Men den passa perfekt som hatt til lissjepiå.
So no på nyåret har ho fått seg ein flott tova hatt :o).





Ei eggevarmar skål vart til ein flott hatt. Des-2005


Pulsvantar til mor - ferdige.

29.jan-2006.

Eg strikka 10 par pulsvantar i julegaver til fleire i familien.



23.okt-05


No er eg ferdig med pulsvantar nr 2.

So får det bli litt meir ullestar framover :o)



Pulsvantar til mor - ferdige.


Kvit strikkebukse.

22.okt-05

Er ferdig med ny strikkebukse.
Manglar berre strikk i livet.
Det er godt med ullbukse på kalde dagar.





Kvit strikkebukse.






Tjukkelestar.

28.jan-2006.

Ei lita tileggsopplysning her:
No har eg strikka tilsammen 8 par :o)
Og endå blir det nok fleire.


21.okt-05.


No har eg også begynt på tjukkelestane til vinteren.
Brukar oppatt bråta på lestane.
Det er sjeldan dei er utslitt, so då berre klipper eg av og tar opp maskane.

Og mykje arbeid er også spart Very Happy

Er ferdig med par nr 1, og har begynt på nr 2.


Skal strikke ca 10-12 par til oss 4 her i huset.

Tjukkelestar.





Sammenstrikkinga.

21.okt-05.

Sammenstrikkinga vart kjempefin, synes eg (",)


Sammenstrikkinga.


Pulsvanter med perler.


21.okt-05

No er eg ferdig med pulsvantar til lissjeprinsessa mi.
Kjempefine vart dei.
Har ikkje strikkapulsvantar tidligare, men det var kjempekjekt.
Blir nok mange etterkvart.




Pulsvanter med perler.


ferdig med ribbestrikka bukse

17. sept. - 05.

No er eg ferdig med buksa. 
Vi skal sjå på fotballkamp, og veret er surt.
Så ho brukar buksa i dag. Varm og god.

Skal få lagt inn mønsteret på buksa.
Men sida eg har laga det sjøl, må eg finskrive det litt først.

ribbestrikka bukse


14. sept. - 05.

No e 2 fota ferdige, og satt inn på en rundpinne.
Har så fått auka litt bak og felt litt framme, so då e det berre å strikke i vei.......


12. sept. - 05

No har eg starta på ei ribbestrikka bukse til veslejenta mi.
Den skal strikkast 2 rett, 2 vrang heile buksa.
Blir godt å ha på seg under kjole og skjørt til vinteren.


Ferdig med gensar.

11. sept. - 05.

No er eg ferdig med denne gensaren og :o)

ferdig gensar


Om noken lure, så e det masse trådar å feste i en stripete gensar ;o)

med trådar 1


9. sept. - 05.

Så nærmar eg meg halsen på gensaren.
Har ikkje heilt bestemt meg for kordan eg skal strikke den.
Skal ikkje ha høg hals. Skal heller strikke separat hals.

8. sept. - 05.

No har eg strikka ferdig begge armane,
og begynt med raglanfellinga.

Sånt ruskever som vi har hatt i dag, då er det godt med ett strikk.

7. sept. - 05.


Et trist ver ute, då er det godt å ha noke å gjere inne :-).

Gensaren skal raglan-fellast.
So no er eg ferdig med bolen opp under armane.
Har kome godt i gang med første arma.

6.sept. - 05

genser start


Ein fargerik fin gensar blir det.



To strikketepper til veslejenta

7. sept. - 05.

Strikketeppet til venstre måler 90 x 90 cm.
Det strikka eg til veslejenta når ho var nyfødd.
Det er satt sammen av 81 strikke-ruter.

Et godt brukt teppe :-).

Det til høgre er 105 x 170 cm.
Det er strikka i 7 remser - kvar er 15 cm brei og 170 cm lang,
som er sydd sammen.

Gode tepper til vinteren.



strikketepper

Tjukkelabbar


6.sept. - 05


Tjukkelabbar til lissjetulla



Har også strikket et par med tjukkelabbar.
Det er deilig å ha på seg i støvlane.




Oppskrift på små labbar:


Legg opp 36 maskar.
Strikk på pinne nr 3, ribbestrikk - 2r og 2vr til bråtet måler ca 10 cm.

Ta halvparten av maskane (18 stk) til hæl og strikk att og fram 10 omg.

Fell til hæl: strikk 11 masker, så 2 sammen - snu.
*Strikk så 5 masker, 2 sammen - snu.*
Fortsett fra * til * til du sitter igjen med 6 masker på pinnen.

Ta så opp 6 masker på kvar side av dei 6 maskane du har på pinnen 
(du skal ha like mange som før felling - altså 18 maskar).
Fortsett å strikke til arbeidet måler ca 8 cm fra hælen.
Opp på vristen strikker du 2 r og 2 vr, 'under  foten' strikker du rett.

Fell til tå: (vanskelig å forklare, skal prøve ;-))
Strikk *1 m, 2 sammen strikk '12 masker', så 2 sammen og 1 maske*
Fortsett fra * til * (for kvar ny omg 2 mindre masker mellom fellingene - '12 masker')
til du sitter igjen med 8 masker.
Klipp tråden og dra den gjennom maskene - Ferdig :-)

Eg strikkar litt fast, så disse labbane passar perfekt på en liten fot som brukar str 20 i sko.
Antall maskar er lett å endre til større størrelse.



Gensar i melert garn.

6.sept. - 05

Denne gensaren fikk lissjetulla mi for nokre dagar sia.
Sjøl så tidlig på høsten er det godt med ein varm gensar.

Er sjelden så tidlig ute med å starte på 'innearbeid' om høsten,
men i år har sommaren vore mest våt og kald.....



Gensar nr 1 til lissjetulla



Dette var første innlegg, så flink atte det ;-)